Sport | 22. aug. 2010

Vann med to straffeslag

Øystein Engevik fekk to slag straff, men blei likevel suveren klubbmeister.

Vann med to straffeslag
Andris Hamresøndag 22. aug. 2010 15:51

Bildeserie:

1 av 4

- Øystein er den suverent beste spelaren vi har i klubben, sa pro i Bjørnefjorden Golfklubb Sverre Marcelius som måtte sjå seg slått med 6 slag på dagens finalerunde.

SJÅ VIDEO AV HOL 18 NEDERST I ARTIKKELEN

Barnedåp ga to straffeslag
- Eg var litt irritert når eg omsider fekk gå ut på dagens runde, fortel Øystein Engevik.

- Eg og bror min Magnus kom rett frå barnedåp der vi var med å bære nevøen vår til alters. Då vi kom opp hit fekk Magnus beskjed om at han var så seint ute at han ikkje fekk starte, medan eg fekk to straffeslag for forseintkomminga, forklarar Engevik.

- At eg fekk to slag staff er greit nok, men eg klarte ikkje heilt å la være å tenke på broderen dei første hola.

Hadde god kontroll
Engevik leiia med 7 slag før finalerunden sundag og hadde såleis god kontroll på konkurrentane og NM-kollegaene Alexander Heggland og Sverre Marcelius som han gjekk i lederball med.

- Det var tungt, bløtt og eindel vind så det var vanskelege forhold i dag, men banen var ellers i god stand, fortel den nybakte klubbmeistaren.

Engevik håpar han skal få spela første steg i kvalifiseringa til Europatouren i helga 17. - 19. september.

- Eg har fått signalar på at eg kjem med på kvalifiseringsrunden som spelast på Dundonald i Skottland, seier Engevik.

- Med ei startavgift på 1350 pund er det enten dei med mykje pengar eller dei som er gode golfspelarar som deltek. Eg reknar med ein tøff konkurranse, men har aldri vore så godt foreberedt som det eg er no, avslutar Engevik.

Damene måtte spela om
Etter tre runder med klubbmesterskap sto det likt mellom Vigdis Olsen og Susan Heggland. Dermed måtte dei ut i omspel hol for hol. I omspelet dro Vigdis Olsen det lengste strået og blei klubbmester 2010.

Bileter av alle spelarane i finalerunden finn du på midtsiden si side på facebook.

Resultater:
Herrer:
1. Øystein Engevik + 1
2. Alexander Heggland + 4
3. Bengt Tore Olsen + 7
3. Ole Petter Oldervoll + 7
3. Sverre Marcelius + 7

Damer:
1. Vigdis Olsen + 31
2. Susan Heggland + 34
3. Ingrid Marcelius + 35

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.