Skøyter | 02. feb. 2009

Vann NM-gull på heimebane

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. feb. 2009 09:42

Fire veker etter at han vann NM-gull i sprint for juniorar, blei det nytt gull, denne gong i allround junior. - Eg var ikkje heilt i form, men det var godt nok til siger på alle distansar, seier Sverre nøgd. Sverre vann med tidene 38,45 (500 m), 4.06,64 (3000 m), 1.58,27 (1500 m) og 7.17,40 (5000 m). - Eg er mest nøgd med tida på 3000 meter, sjølv om den berre er mi tredje beste. Isen var nemleg ikkje så glatt som den såg ut. Og det var noko eige å ta gull på heimebane på Slåtthaug. - Det var nokre kjente ansikt på tribunen, og god stemning, så det var veldik kjekt. Sverre bør med sigeren vera sikra plass på laget som reiser til junior-VM i Polen om tre veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.