Vann noregscupen
Mattias Haugland er i betre form enn nokon gong og vann noregscup i singelsculler både laurdag og søndag.
I helga gjekk årets første noregscupstemne av stabelen, og to roarar frå Os stilte til start på Årungen.
Arne Hadler-Olsen kvalifiserte seg til A-finale laurdag, men blei sjuk og sto over finalen og heile søndagen.
Men treningskameraten Mattias Haugland leverte og fekk 1. plass både laurdag og søndag.
– Karrierebeste
For to veker sidan var Arne og Mattias på Årungen i uttaksstemne, der dei hamna på 3. og 4. plass.
Dei to frå Tønsberg som tok 1. og 2. plass droppa noregscup til fordel for EM.
– Dette er likevel karrierebeste av Mattias og ein stor prestasjon, seier trenar Audun Hadler-Olsen.
Stavanger neste
Om to veker er det tid for neste noregscup, som går i Stavanger.
Der stiller Os Roklubb med endå fleire deltakarar.
To veker seinare er det nytt noregscup i Oslo, og summen av desse kan føra til uttak til internasjonale meisterskap.