Sport | 03. juni 2016

Vann Oscup med begge lag

Os inviterte gode motstandarar til cup på Kuventræ - og stakk av med sigeren både i gutar 13 og gutar 14.

Vann Oscup med begge lag
Os gutar 14 vann Oscup førre helg.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juni 2016 08:53

Bildeserie:

Også Os G13 vann Oscup 2016.
Også Os G13 vann Oscup 2016.
1 av 1
Også Os G13 vann Oscup 2016.

Det var i 2014 at Os Fotball debuterte som arrangør av elitecup, då var 160 av dei beste fotballspelarane på Vestlandet samla til turnering på Kuventræ.

I morgon startar barnefotballcupen Eat, Move Sleep, førre helg var det cup for ungdomane.

– Det var ikkje ei reindyrka eliteturnering, vi hadde ikkje gjestar frå nabofylka denne helga, men vi hadde samla fleire av dei beste laga i Hordaland og fekk ei helg med god motstand, seier Ørjan Myrlid.

Han trener Os gutar 14 saman med Ivar Johannessen og Chris Drange. Laget deira møtte Bjarg, Fana, Gneist, Nymark og Fyllingsdalen i Oscup.

Slo Fyllingsdalen i finalen

– Vi slo Gneist 3-0 og Bjarg 4-0 i gruppespelet. I semifinalen blei det 3-1 over Nymark og i finalen sto sterke Fyllingsdalen som motstandar.

Os slo Fyllingsdalen for første gong då dei vann finalen 1-0. Mats Torp Nielsen, som var omdirigert til forsvar, blei kåra til banens beste i finalen og vann gåverkort på 500 kroner hos MX Sport.

Også gutar 13 vann på heimebane

Os gutar 13 hadde noko færre motstandarar.

Nordhordland, Tertnes og Skjergard gjesta cupen og laga spelte serie for å finna vinnar.

Os vann to kampar og spelte éin uavgjort, som var godt nok til 1. plass.

Neste helg er det Oscup for G15 og G16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.