Sport | 22. juni 2015

Vann på Eikås

Motstandaren hadde 100 hestekrefter meir, men var ikkje like stødig gjennom svingane som Karoline.

Vann på Eikås
Karoline Breivik vann på Eikås i helga. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2015 13:10

Karoline Breivik kjørte i helga tredje av seks rundar i vestlandsmesterskapen i rallycross.

Laurdagen blei det 2. plass i alle dei fire innleiande heata, men både i femte heat og i finalen stakk ho av med sigeren.

– Eg kjørte mot ein BMW med 270 hestekrefter, mot mine 170, så han kjørte frå meg på strekka.

– Men i finalen, som er utvida frå tre til fire rundar, slurva han i ein sving i siste runde, og eg kom meg forbi, fortel Karoline.

Kristian mot Kristian

To andre osingar kjørte bilcross på Eikås i helga.

Karoline sin bror Kristian kjørte blant anna mot osingen Kristian Holck.

Dei kniva tett og tok 7. og 8. plass.

Kjører NM til helga

Karoline kjem ikkje til å kjøra alle VM-rundane, grunna NM, og har berre kjørt éin av dei to tidlegare rundane i vårsesongen. Då hamna ho på 3. plass.

Til helga ventar NM på Melhus.

Karoline vann førre NM-runde, som gjekk i Vikedal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.