Sport | 23. mai 2010

Vann på heimebane

Alexander Heggland vann Junior Region Tour på Bjørnefjorden i pinsen. Sjå stor bildeserie.

Vann på heimebane
Andris Hamresøndag 23. mai 2010 16:39

Bildeserie:

1 av 16

Med sigeren sikra han seg òg retten til å spela den jevaste touren - Titleist Tour kor han møtar dei beste juniorane mellom 13 og 19 år i Noreg. Det er dei seks beste som får sjansen. Neste Titleist Tour går 5. og 6. juni på Evje golfpark like ved Moss.

Alexander som var russ i vår starta turneringa forrykande og låg tre under par etter dei fyrste ni hola. Mellomanna klarte han å berre bruke to slag på hol tre. Eit hol som er eit par 4 hol. Utover i turneringa gjekk det litt tråare, men Alexander held leiinga heile vegen inn og enda til slutt på 7 slag over par etter dei to dagane med spel.

Nesten for stor
Bjørnefjorden golfklubb arrangera laurdag og sundag i pinsen turnering for dei neste beste juniorspelarane på sør- og vestlandet. Heile 53 golfspelarar deltok i turneringa. Med så mange deltakarar var banen på Hauge nesten i minste laget. Som arrangørane sa til midtsiden - det går bra, men dei får ei litt lang pause mellom dei to nihullsrundane dei skal gå kvar dag.

Desse kvalifisera seg for Titleist Tour
1. Alexander Heggland, Bjørnefjorden GK + 7
2. Vetle Marøy, Bergen GK + 8
3. Ørjan Reinertsen, Haugesund GK + 12
3. Arne Ravndal, Sola GK + 12
3. Lars Mjeldheim Sandvoll, Fana GK + 12
3. Eirik Grønhaug, Haugesund GK + 12

Plasseringane på dei andre Bjørnefjorden-spelarane
10. Anders Engelsen +16
22. Ole Petter Oldervoll + 22
50. Fredrik Gjerdevik + 50
51. Stian Skage + 51

Heile resultatlista kan du sjå her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.