Vann reisegåve
Ein bowlingtur med gutungen gav reisegåvekort til Blue Note Shuffle-vokalist Steinar Lyssand. I juni går turen til Nashville.
I samband med nyopninga av bowlingen utlyste eigar Tore André Sagstad ei konkurranse blant alle som kom innom og spelte.
- God over 100 skreiv seg på lista og var med i trekninga på gåvekortet.
Etter at to av dei tilsette sa kvar sine tal frå lista rekna Sagstad seg fram til kven som skulle få reisegåvekortet frå Os reisebyrå. Den heldige var ivrig bowlar og vokalist i bluesbandet Blue Note Shuffle Steinar Lyssand.
- Dette var jo utruleg kjekt, strålar Lyssand som saman med sonen Adrian tysdag mottok gåvekortet frå Kjersti Fjellvang ved Os reisebyrå.
- Gåvekortet på 5000 kroner kan du nytta på alle produkta vi sel. Om det er ei flyreise, hotell eller chartertur så kan vi hjelpa deg, fortel Fjellvang den heldige vinnaren.
- Då får eg nesten byrja sjå på ein ny tur då, smila Lyssand som allereie hadde bestilt og betalt tur til somaren.
Speler inn plate i Nashville
Turen Lyssand og bandkollegaene allereie har bestilt går til Nashville i USA kor dei skal spele inn ny plate med same produsent som ORBO & The Longshots har nytta der borte.
- Det skal bli utruleg gøy.
- No er det to månader med øving og førebuingar før vi reiser bortover.
Spelejobbane får venta
Fram til avreise til USA har Lyssand og co bestemt seg å la spelejobbar venta medan dei førebur plateinnspelinga.
- Dei får venta til hausten.
- Då blir det ein miniturné i Nord-Norge og opning av Bergen Blues Klubb, fortel Lyssand.
- Vi får ikkje sjå deg på Osøren Blues og Jazzfestival i år då?
- Det er ikkje godt å seie. Vi kjem heim frå USA same dagen som festivalen startar så det kan bli litt travelt. Kanskje stikk vi innom om det blir ein jam, men vi får sjå, avsluttar ein strålande nøgd vinnar.