Vann Storhamar Cup!
Os blei nest beste klubb og gutar 95 gjekk heilt til topps i Storhamar Cup i helga.


Os blei etter arrangørklubben Storhamar beste klubb i den store handballturneringa i pinsen. Osingane klarte gull, sølv og to tredjeplassar i A-sluttspel, i tillegg gull i B-sluttspelet.
- Dette blei ein stor sportsleg og sosial suksess! Det gjekk i "Os er verdens beste handball-lag" og "Ossongen" heile helga, folk har nok tenkt "kva slags gjeng er dette", seier Andris Hamre om måten Os kuppa verdas største handballturnering under tak.
9 av Os sine 11 lag kjempa om sluttspel, dei to andre var for unge eller for gamle (g93 hadde for få i klassen). Av desse 9 gjekk 6 vidare til A-sluttspel, og der var det fleire som gjorde det skarpt.
- Gutar 95 var suverene i alle kampar og stakk fortent av med gullmedaljen. Jenter 96 var også overlegne, heilt til dei møtte heimelaget i finalen. Sølv er likevel ikkje verst, oppsummerer Hamre.
I tillegg fekk J94 og G97 delt tredjeplass (blei ikkje spelt bronsefinale). G96 og J95 tapte kvartfinalen i A-sluttspelet.
Møtte Gunnar Pettersen sitt lag
Os G98 spelte ikkje sluttspel, men fekk likevel ein kamp som var ein del meir interessant enn dei andre kampane.
- Dei møtte Gunnar Pettersen sin klubb i den eine kampen. Den tidlegare landslagstrenaren var nær på å sjå at Hans Brunvatne sitt lag stakk av med sigeren over gutane frå Sandefjord, men vi enda dessverre med tomålstap.
J97 vann B-sluttspelet medan G93 sin klasse var for liten til å ha sluttspel. Dei hamna midt på treet etter å ha spelt dobbel serie mot dei fire andre 93-laga.
Midtsiden.no kjem tilbake med meir når spelarar, trenarar og resten av reisefølgjet på rundt 160 osingar er tilbake i heimbygda.