Sport | 24. aug. 2015

Vann toppkamp

Os sitt damelag har vunne 9 av 10 kampar til no denne sesongen.

Vann toppkamp
Linda Johansen og resten av damelaget til Os kunne i går jubla etter siger over topplaget Åsane 2. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2015 08:59

Os starta årets sesong i 4. divisjon med å slå Voss 3-0 på bortebane, men blei liggande på 2. plass utover våren etter 1-6-tap for Åsane 2 i andre runde.

Etter denne har dei vunne alt og i går blei det revansje mot topplaget.

– Vi har blitt ein meir samansveisa gjeng. Dei unge spelarane har blitt betre kjent med oss og vi har trent bra, synest spelar Malin S. Moldskred.

Etter ein mållaus førsteomgang sette Rebecca Tveit, som nyleg kom til Os frå Fusa, inn to.

Åsane 2 - Os 1-2 (0-0)
Målskårar, Os: Rebecca Tveit 2
Os: Emilie Askvik Bøe (keeper), Sigrid Joys-Christensen, Rebecca Tveit, Betina Helland Torvund, Amalie Lindborg Bøyum, Trine Austevoll Lund (kaptein), Elin Aadnevik, Tonje Lindbom, Vy Mai Nguyen, Linda Johansen, Charlotte Balland, Malin Martine Søvik Moldskred, Sukanya Sarasiri, Mathilde Helland Lassen og Karoline Thorsvik.
Alle 15 i troppen spelte kampen i går.

– Det har vore litt ut og inn av spelarar grunna flytting. No i haust må vi klara oss utan Benedikte Sundfjord, Kristine Moberg og Kine Thorsvik. Vi trengte ein måljeger, derfor er det ekstra bra at vi har fått Rebecca, som viser seg å fungera supert som spiss.

Moldskred er også nøgd med at trenar Rune Balland og oppmann Tore Nøss har fått med seg Jan Terje Lund som assistentrenar.

– I tillegg vil eg skryta av Emilie, ho redda oss i går etter at Åsane reduserte 7 minutt før slutt. Emilie var ein god keeper då ho kom og har utvikla seg veldig gjennom sesongen, synest Malin om 16-åringen frå Nore Neset.

Ny toppkamp

Grunna målforskjell ligg Os framleis på 2. plass, men no a-poeng med Åsane 2 og 6 poeng framfor Bønes med éin kamp meir spelt.

SJÅ TABELL

Neste kamp blir også for toppkamp å rekna, då møter Os Bønes på bortebane.

Dei to beste i avdelinga rykker opp til 3. divisisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.