Sport | 30. juni 2011

Vann vandrepokalen

Tina for II og Stella vann kvar sin klasse i vårens siste trimmingsseglas. Tina for II leiar samanlagt og tok med seg vandrepokalen.

Vann vandrepokalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2011 06:19

Tysdag kveld var siste trimingsseglas for medlemmane i Os Seilforening. Sju båtar stilte til start i lite vind og smådisig vêr.

– 7 båtar stilte til start. Piano med Sverre Holm var startbåt, skriv Tina for II-rormann Svein Skoglund i ei pressemelding.

Løpet blei lagt frå Strøneosen over fjorden til Ospøy og tilbake.

Ro i båten

Som vanleg var Janet Lepsøy i Ina Kristine (lys 1.16) først ut i starten tett følgt av Svein Skoglund i Tina for II (lys 1.16). Tina for II låg noko høgare i vinden, dei andre båtane følgte tett på i den svake vinden.

– Det var svært viktig å søkja fri vind ha ro i båten når det blåste så svakt. Tina for II, som låg høgast i vinden, hadde ein liten fordel der, og seig sakte forbi og tok leiinga.

Litt utpå fjorden minka vinden og til slutt var den heilt vekke. Nokre vindpust frå søraust og 90 gr. på båtane fekk spinnakarane til å kome opp. Med halvfylt segl sleit båtane seg ut på fjorden i regnet.

Meir fart

I andre start fekk Terje Eltvik i Stella (lys 1.24) raskt overtaket blant de største båtane, såg at vi låg stille ute på fjorden, tok ein meir nordleg boge over fjorden og fekk spinnakaren fylt og kunne halda fart i båten.

Då båtane nærma seg Ospøy kom vinden litt tilbake og dreide meir aust. Båtene som låg lengst sør fekk vinden rett bakfrå medan Stella kunne skjera nordfrå og sør mot merket og fekk dermed større fart.

Stella først i mål

Stella og Tina for II hadde no fått eit bra forsprang, men båtane bak hadde også fått litt vind, og nærma seg dei to.

Det var gått så lang tid at det blei bestemt avkortning ved Ospøyskjær. No sto det mellom Stella og Tina for II å koma først frem.

Det klarte Stella med 8 minutt forsprang og dei kunne sleppa segla og runda opp for å ta tida på dei andre båtane.

Resultat trimingsseglas 28.06.2011:

Lys t.o.m. 1.20:
Nr 1 ”Tina for ” (1.16), Svein Skoglund 2:10:14 2.pl o.all.
Nr 2 ”Brigten” (1.16), Harald Ingebrigtsen 2:14:35 3.pl o.all.
Nr 3 ”Ina Kristine” (1.16), Janet Lepsøy 2:15:09 4.pl o.all.
Nr 4 ” Lady K” (1.14) Bjørn Eliassen 2:15:16 5.pl o.all.

Lys f.o.m. 1.21:
Nr 1 ”Stella” (1.24) Terje R. Eltvik 2:09:01 1.pl o.all.
Nr 2 ” Piano” (1.24) Sverre Holm 2:16:33 6.pl o.all.
Nr 3 ”Skarven” (1.21) Per Aga 2:31:13 7. pl o.all.

Samanlagt, vår, LYS t.o.m. 1,20:
1. Tina for II (1. plass overall)
2. Lady K.
3. Brigten

Samanlagt, vår, LYS t.o.m. 1,21:
1. Piano
2. Stella
3. Lisa

For komplette og detaljerte resultatlister,
sjå os-seilforening.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.