Lokal | 09. nov. 2018

Vannskuter stolen frå Os sentrum

– Eg trudde det var avisbod eg vakna av, men det var truleg tjuvane, seier eigar.

Vannskuter stolen frå Os sentrum
Jan Eirik på skuteren som blei stolen for ei veke sidan. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. nov. 2018 08:42

Natt til fredag for ei veke sidan var det innbrot i tre naust i Kuvågen.

Same natt vakna Jan Eirik Tvedt Skjeldal av nokre lydar utanfor huset sitt i Midtskogvegen.

– Eg rekna med at det var avisbod eller nokon som køyrde ut reklame, så eg sovna igjen.

Skjeldal i haugen rett over Os sentrum. Då han såg ut glaset om morgonen var det uvanleg god plass utanfor huset.

– Vannskuteren min, som sto på tilhengar utanfor huset, var vekke! Berre klossane som låg under hengarhjula sto igjen, fortviler han.

To år gamal Seadoo

Jan Eirik kjøpte vannskuteren ny i 2016.

No hadde han tatt den på land for vinteren, og trudde den sto trygt på låst hengar heime på tunet.

– Eg har varsla politiet, forsikringsselskapet og Seadoo-forhandlaren eg kjøpte skuteren av. Eg har begge nøklane her, men dei som har tatt den er kanskje profesjonelle og klarer å starta den likevel.

Skuteren er svart og gul, av typen Seadoo GTR 215.

Førebels er den ikkje funnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.