– Vanskelege å forsvara seg mot
Os tok timeout på stillinga 8-10. Til pause sto det 10-21.
Bildeserie:
Os-damene kjempar for å koma seg opp frå botnen på tabellen, og fekk ein god start på heimekampen mot Runar i Oshallen søndag.
Os mangla dei tre ivrigaste skyttarane sine til kampen, Line Hjelle Berentsen, Nora Berge og Benedicte Veseth, men heldt følgje med Runar eit godt stykke. Dei heldt seg eitt og to mål bak fram til stillinga 9-10. Men på ti minutt auka gjestane forspranget til heile 10-21.
– Dei var vanskelege å forsvara seg mot, seier Regine Sten, som i Line sitt fråvær var i ny rolle som playmaker.
Kontra i seink
Trenarteamet Gitte Torp og Trond Budal meiner det ikkje var i forsvar kampen glapp.
– Vi har dessverre nokre gjentakande feil i innspelet. Vi hadde 8 slike i første omgang, 7 av dei blei mål imot, forklarer Budal.
– Kva beskjed fekk jentene i timeouten før pause?
– Vi tok timeout for å ta nokre byte, i tillegg såg vi nokre feil i Runar-forsvaret som vi ville be dei om å nytta. Det tok dessverre tid før vi fekk det til, seier Torp.
I tillegg lagde Os fem straffar før pause, alle gjekk inn. Heimelaget hadde ingen skåring frå 7-metersmerket.
Bente og Anna blei toppskårar
Andre omgang blei meir målfattig for gjestane. Etter 8 minutt hadde laga berre éi skåring kvar.
Men 11 mål blei for mykje å henta inn, sjølv om både Bente Mjanger og Anna Mjånes skåra 5 mål kvar, like mykje som Runar sin toppskårar, Martine Turøy.
Os - Runar 18-33 (10-21)
Os: Marlene Sund og Ann Kristin Een Lyssand, Bente Mjanger 5, Anna Martine Særvold Lyssand 5, Thiet Dang 3, Regine Sten 2, Vilde Lind Norvik 1, Ayleen Akyüz Hagen 1, Irmelin Catarina Munch Lund, Nora Marie Johnsen og Stine Eide.
Over Os ligg Stord med 4 poeng og Årstad med 9 poeng.
Os har seks kampar igjen, to av dei mot topp to på tabellen. Neste kamp går borte mot nettopp Årstad.
• Tabell og terminliste på handball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.