Bilen glei utfor Bjørnavegen og inn i fjellveggen. (Foto: KVB)

Glei borti fjellveggen på Halhjem

Ingen blei skadd då ein bil hamna utfor Bjørnavegen tysdag morgon.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I går kom vinteren til Os, i natt kom det påfyll av snø. Temperaturen er rett over null, og enkelte har problem på det sleipe føret.

Tysdag morgon klokka 08.20 kom det melding om utforkøyring på Bjørnavegen.

– Bilførar var åleine i bilen og kom uskadd frå samanstøyten, fortel politiet på staden.

Uhellet skjedde nær rundkøyringa på Halhjem. Bilen glei utfor vegen og inn ein fjellvegg i siste svingen før rundkøringa.

– Eg fekk ei åtvaring i svingen før, og tenkte «no må eg vera varsam». Eg hadde låg fart og det var ikkje noko møtande trafikk, bilen berre glei ut av singen, fortel bilførar.

Bilen har berre små skadar, men den eine airbagen er løyst ut og bilen startar ikkje. Politiet opprettar ikkje sak.

Fleire saker