Var ferskaste smitte mutert virus?
Kommunen har fått svar på begge to.
Måndag blei det påvist to nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune, dei to første på fire veker.
Det har vore fleire tilfelle av britisk og sørafrikansk mutert virus i Bergen og Hardanger dei siste vekene, noko som har ført til skjerpa smittevernreglar i Bergen og 12 andre kommunar.
Eitt svar i går - eitt i dag
I ekstraordinært møte i Bjørnafjorden formannskap torsdag, der politikarane blei orientert om ny forskrift retta mot byggebransjen, blei det opplyst at kommunen har fått svar på eitt av tilfella - og fått stadfesta at dette ikkje var mutert versjon.
No har dei òg fått svar på det andre.
– Ingen av dei to er mutert variant, seier kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
I dag blei det òg klart at det frå måndag er noko lettare smitteverntiltak i Bergen, Bjørnafjorden og fleire av kommunane rundt.
I Bjørnafjorden kommune har vi hatt smittetilfelle med mutert virus, men det var i starten på januar.
Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no
Til no i 2021: 19
Totalt smitta: 122 (VG og BT har +2. Desse har adresse i Bjørnafjorden, men bur/har testa seg i ein annan kommune)
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.
2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle
Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle
Vil du testa deg?
Du kan bestilla time digitalt - følg denne lenkja
Du kan òg ringa 47508412 for å avtala tid for test.
Telefontider:
- Måndag til fredag klokka 8.30-11.45 og 12.30-15.
- Laurdag, søndag og heilagdagar klokka 9.15-10, 11-13 og 14-16.30.
Her kan du bli testa:
- Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing alle dagar.
- Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag, onsdag og fredag.
(Du kan ikkje møte opp utan timeavtale)