Lokal | 06. juli 2010

Var frå Tysnes

Mannen som blei funnen omkomen i fjorden i går skal ha vore på veg frå Os til Tysnes i båt kvelden i forvegen.

Var frå Tysnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. juli 2010 07:43

Måndag ettermiddag blei ein død mann funnen i Bjørnefjorden. Politiet blei varsla og politibåten Kjølen kom raskt til plassen.

Det var i går uvisst kven personen er og kva som hadde skjedd. Ingen var meldt sakna og ingen båt var funnen på rek. I dag kan politiet fortelja meir.

- Den omkomne er frå Tysnes. Han er ein mann i starten av 30-åra. Familien er varsla, men vi går førebels ikkje ut med namnet hans, seier lensmannen på Tysnes, Lorentz Lunde til Midtsiden.no.

Mannen skal ha kjørt frå Os klokka 23 sundag kveld. Han var på veg heim til Tysnes, åleine i ein liten, rask båt med vindskjerm og innanbordsmotor.

- Båten er ikkje funnen og vi veit ikkje kva som har skjedd på vegen. Han kan ha kjørt på eit skjer og han kan ha gått rundt, det var litt dårleg vêr på fjorden natt til måndag, seier Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.