Lokal | 31. des. 2017

Var varsam med skadd måse

– Vi måtte sjekka at ikkje han var berømt, seier politiet spøkefullt.

Var varsam med skadd måse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 31. des. 2017 08:22

Laurdag fekk politiet melding om ein skadd måse som spaserte ved Byvegen nær fotgjengarfelt ved Best-stasjonen og biblioteket.

Meldar sat på ein buss, og kunne ikkje gjera noko med saka sjølv.

– Då hadde vi to val; sjekka om måsen var berømt eller kontakta kommunen og høyra om dei hadde nokon som kunne avliva han, seier operasjonsleiar Gustav Landro i Vest politidistrikt.

Etter spøkefull referanse til alt oppstusset kring avliving av svana «Hamnesjefen» i sommar, seier han at dei valte eit tredje alternativ.

– Måsen blei tatt inn og levert til Os Dyreklinikk. Tidlegare ville vi nok avliva den sjølv, men det er nye rutinar på sånt. Mattilsynet betaler veterinær for å undersøkja dyr før dei bestemmer kva som skjer vidare. Men eg kan lova at det ikkje blir tvitra eitt ord herfrå, om korleis skjebnen til måsen endte.

Fekk pålegg om å rydda boss

I går kom det òg melding om to menn som sto og rota i eit bosspann i Os sentrum.

– To menn, som skal ha sett ut som om dei var rusa, plukka ting ut av eit bosspann og kasta det ut på gata. Dei var der framleis då patruljen kom fram, og fekk pålegg om å rydda alt saman opp igjen.

Køyrde i lyktestolpe

Vinterføret skaper framleis litt utfordringar i og rundt Os.

Laurdag kveld køyrde ein bil utfor Fanafjellsvegen og rett i ein lyktestolpe.

Nødetatane rykte ut, men kunne konstatera at det ikkje var snakk om alvorlege personskadar.

Tidleg avfyring i Øyane

På kvelden vesle nyttårsaftan kom det melding om oppskyting av fyrverkeri i Øyane.

På ei felles facebookside i krinsen blei det skrive klage på dette, som skal ha ført til redde hundar, mens det òg blei kommentert at dette var noko av sjarmen med å bu i Øyane, at du får fleire dagar med fyrverkeri.

– Det er ikkje lov å bruka fyrverkeri før i kveld, men det er dessverre vanleg at vi får meldingar om at enkelte ikkje klarer å venta. I denne omgangen blei det ikkje ei sak vi kom vidare med, seier Landro.

Politiet var utom Nore Neset Aktivitetshus, der det var 550 publikum på storkonsert, men verken festen eller resten av natta førte med seg fleire innslag i loggen til politiet på Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.