Var vitne til mogleg narkosal til ungar i 12-14-årsalderen
Tre gongar den siste månaden har han sett dei same personane i dialog med unge gutar.
Ein mann som tysdag kontakta Midtsiden-redaksjonen fortel om urovekkande observasjonar i Os sentrum.
– To menn, truleg i 20-årsalderen, ser ut til å driva med sal av narkotika til svært unge kjøparar, seier mannen, som ønskjer å vera anonym.
Tre gongar den siste månaden har han observert dette, sist gong var mellom klokka 20.30 og 20.50 måndag kveld.
Høyrde diskusjon om pris per gram
– Det var dei same to seljarane og ei gruppe på fire unge som såg ut til å kjøpa saman. Det var éin som forhandla, men han delte ut til dei andre etterpå. Dei såg ut som om dei er i 12-14-årsalderen, dei er i alle fall ikkje på vidaregåande skule. Minst ein av dei er ei jente.
– Kva er det som gjer at du reknar med at det er narkotikaomsetnad?
– Eg høyrde kva dei snakka om, blant anna diskusjon om pris per gram.
– Nokre gongar ser det ut som om ein av seljarane følgjer kjøpar til butikken, truleg så vedkomande får tatt ut pengar.
Prøvde å kontakta politiet
Vitnet tar av og til buss heim frå jobb, og jobbar av og til seint. Dei siste vekene har han reagert på dei to personane som ser ut til å selja varer, og på alderen på dei dei er i dialog med.
– Eg våga ikkje å gripa inn, men eg prøvde å nå politiet per telefon.
– Eg rekna med at eg ville fått kjeft om eg ringte 112, så eg prøvde meg på 02800. Etter å ha tasta meg gjennom menyen og blitt sett over fire gongar gav eg opp, fortel vitnet.
Han meiner det bør vera langt enklare å få tak i politiet med saker som ikkje står om liv og død.
– Om det var ein patrulje i nærleiken kunne dei svingt innom. Så mykje ressursar som blir brukt på forebyggande arbeid, burde det hatt sin verdi å ta ein eventuell narkohandel mens den var fersk, å få ein dialog med dei mindreårige, moglege kjøparane.
Politiet i Os var opptatt då Midtsiden tidlegare i dag tok kontakt om saka.
– Politiet kan få ganske detaljert signalement om dei vil, seier vitnet.
(Midtsiden kjenner identiteten til vitnet, og har møtt intervjuobjektet ansikt til ansikt i dag)
OPPDATERT: Politioverbetjent Anne Lyssand seier onsdag at ho er overraska om det stemmer at det blir selt narkotika til så unge ungdomar, og at saka blir følgd opp. Politiet var onsdag i dialog med kjelda til Midtsiden.