Lokal | 03. sep. 2019

Var vitne til stygg forbikøyring

Politiet kjem til å retta fokus på motorsyklistar i tida framover.

Var vitne til stygg forbikøyring
Mobergsbakken: Måndag formiddag skal ein bil ha blitt forbikøyrd på høgresida ved vedlageret i bakgrunnen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. sep. 2019 07:37

Klokka 10.45 måndag formiddag fekk politiet melding om ufin køyring i Mobergsbakken.

– Meldar, ein bilist på veg opp bakken, fortel at han blei forbikøyrd på høgresida ved vedlageret nær toppen av bakken, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilisten skvatt til, men fekk tatt registreringsnummeret på motorsykkelen.

– Det er uvisst kva konsekvens det får, men vi følgjer opp saka.

På bakhjulet ved Meny

Politiet har fått fleire meldingar om uvarsam køyring med motorsykkel dei siste vekene.

– Også på ettermiddagen i går, i 15-16-tida ved rundkøyringa på Meny, var det ein som observerte to mc-førarar der minst ein av dei køyrde på bakhjulet.

– Vi kjem til å retta fokus på motorsyklar i vekene som kjem, og vil følgja nøye med både på dagtid og kveldstid.

Tørrkoking i Gymnasvegen

Måndag på dagtid rykte brannvesenet ut på ein automatisk brannalarm i Gymnasvegen.

– Ingen blei skadd. Årsaka var tørrkoking, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.