Lokal | 28. feb. 2019

Varebil hamna i bekk på Lysekloster

Politiet mistenker at førar var rusa, brannvesenet fryktar forureining.

Varebil hamna i bekk på Lysekloster
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. feb. 2019 07:18

Bildeserie:

1 av 1

Onsdag klokka 23.20 meldte politiet om «bil i elv» i Os.

– Ingen personar er skadd, men det er mistanke om ruskøyring, opplyser politiet via twitter.

Det er ein liten lastebil som har hamna utfor Lseklostervegen og ned i bekken som renn forbi klosterruinane og Lysekloster hovudgard.

– Meldinga kom klokka 23.20, men ulykka skal ha skjedd noko tidlegare på kvelden, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Os brannvesen har vore på staden for å undersøka om det er fare for forureining i samband med ulykka.

– Det er ein liten lekkasje, det lukta diesel på staden i natt.

– Vi såg ikkje noko blushine verken i bekken eller nede i Pøylo. Men dette er eit sårbart område med mykje fisk og fugleliv, vi skal ut igjen på morgonen torsdag, fortel Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.