Kultur | 25. apr. 2012

Vårkonsert torsdag

Os Musikkforening har med seg flinke, unge solistar og 30 år gamle Os Vocalis når dei speler vårkonsert i Os kyrkje.

Vårkonsert torsdag
Bak: Astrid Elise Valle og Jone Finne Kuven, framme; Eirin Austevoll (t.v.) og Sandra Charlotte Tveit. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2012 06:42

Førstkomande torsdag inviterer Os Musikkforening til vårkonsert i Os kyrkje. Vi har bedt Os Vocalis om å vere våre gjester på konserten.

Koret, som tel om lag 20 medlemmar frå Os og Bergen, blir til vanleg dirigert av Tore Kloster. Os Vocalis har i alle år stått for god musikk formidla på ein fin måte. Torsdag får vi høve til å høyra eit Vocalis som syng songar frå den nyleg utgjevne CD-en "Take it with me", mellom anna tittelmelodien "Take it with me" av Tom Waits.

På CD-en er ei samling songar frå vår samtid i engelsk språkdrakt. Eit fellestema for desse songane er kjærleik i ulike variantar og styrkegradar. Dessutan skal koret delta i konkurransen "Syng for oss" i Grieghallen i Bergen 9. juni, og vi vil også få høyra nokre songar frå det programmet dei skal bruke der.

Elles er det å seie om koret at dei har 30 års jubileum i år. Os Vocalis vart altså stifta i 1982, og starten var ei musikalsk overrasking til Henrik Lyssand på 70-årsdagen hans.

Han var ein sentral mann i musikklivet i Os, ikkje minst kjent som dirigent for Os Jentekor. Os Vocalis skal også delta i feiringa av 100-årsjubileet for Henrik Lyssand helga 8.-9. september med eigen jubileumskonsert, og på ein konsert med dei andre kora i Os.

Os Musikkforening skal også delta i dette 100 årsjubileet til hausten, noko vi ser fram til! Med oss i foreningen har vi no fått fleire flinke musikantar frå skulekorpset.

Fire av desse unge, Sandra Charlotte Tveit, Jone Finne Kuven, Astrid Elise Valle og Eirin Austevoll deltok som solistar i konkurransen «Hordablæsten» i mars.

Alle fire framførte flotte stykke og er komne langt på instrumenta sine, så vi gler oss til å høyra dei fire framføra musikken i kyrkja også! Musikkforeningen vil bl.a. spela frå Watermusic av Georg Fr. Hãndel, variasjonar over «Vår Gud han er så fast ei borg» og vakre «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», og vår faste dirigent, Rune Hannisdal, losar alt vel i hamn.

Så vær velkomne til ein variert konsert! Vi håper at mange vil bruka torsdagskvelden saman med oss, og vi ser fram til ein stemningsfull vårkveld i den vakre kyrkja vår!
Velkommen i Os Kyrkje torsdag kl 19.00

Os Musikkforening

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.