Varm helsing
Ein supportar ville ha "Søviknes" på skinka. Trur du han fekk autograf?


Os-ordførar Terje Søviknes var med supportarbuss til Austevoll i dag, for å sjå kvalik-kampen mellom dei to avdelingsvinnarane i 3. divisjon.
Både under kampen og på veg heim blei det livleg frå supportarane si side, både dei frå Os, Austevoll og Valestrand Hjellvik, som håpar på Austevoll-siger slik at dei sjølv kan rykka opp i 3. divisjon til fordel for Os 2.
På ferja var det nokre av motstandarane sine supportarar, anten austevollingar eller Valestrand-supportarar kledd i oransje, som bad om autografen til Terje Søviknes - på skinka. Søviknes fekk penn i handa før han blei servert ei blank rumpe - men ordføraren takka ifølgje vitne fint nei.
Søviknes fekk testa seg på fleire måtar på dagens tur, i straffkonkurransen mot Austevoll-ordførar og Frp-kollega Helge André Njåstad. Konkurransen starta med skåring av begge, men Njåstad redda straffe nummer to og vann til slutt 3-1.