Dei sju gjestane på Hannes Konditori og Musikkbar fekk seg ei overrasking laurdag ettermiddag. På scene sto nemleg plutseleg Bjørn Hellfuck med fullt band.
– Vi skal spele på Ricks om ei veke og trengde ei øving. Eg sa til osingane at dei måtte finna eit øvingslokale til oss, og det var dette dei kom opp med, fortalde Hellfuck til Midtsiden før dei dro i gang, på det som også var eit vorspiel for bandet.
– Vi skal nemleg på ein innflyttingsfest her ute.
Sist bandet spelte på Os var på Bar2Be tilbake i 2009, kor det kokte med «Krabbeklo i undikken», men at låtene framleis sit etter ei relativ lang pause er det liten tvil om. Dei 700 som har sikra seg billett til comeback-konserten på Ricks kan berre glede seg.