Varmar opp for John
Det blir ekstra mange minutt med LIVE-musikk i Fjellheim i kveld.


Vesle nyttårsaftan er det som vanleg blueskonsert i Fjellheim. Etter mange år som trekkplaster måtte The Untouchebl(u)es for tre år sidan melda forfall. Inn kom Hungry John.
- Konserten med Hungry John var vellukka. Han kom tilbake i fjor og står også på plakaten i år, seier Gunnar Nagell Dahl frå Osøren Blues & Jazzfestival.
Arrangørane er også nøgd med at dei har fått med eit tilleggsband i år.
- Blue Note Shuffle, med erfarne bluesmusikarar frå Os, opnar festen, så det blir ekstra mykje LIVE-musikk i år.
Billettsalet er som i fjor, då det var fullt hus og 300 gjestar i dei to etasjane i Fjellheim.
- Førehandssalet går på Musikkverket og Lehrmanns, men vi sel som vanleg billettar i døra. Dørene opnar klokka 20.
Nagell Dahl stadfestar samstundes at suppa er tilbake.
- Vi hadde pølser eit år, då fekk vi kjeft. Folk vil ha servert suppe denne kvelden, og det passar kanskje ekstra godt i år når det er så kaldt, seier Gunnar Nagell Dahl.