Lokal | 01. apr. 2019

Varmare vêr i vente

Både Yr og Storm melder 13 gradar og sol til helga.

Varmare vêr i vente
Os gjestebrygge i dag. Vêrmelding frå Pent.no innfelt. (Foto: Kjetil V. Bruarøy/VG Pent)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. apr. 2019 11:29

I starten på vinterferien fekk vi ein forsmak på vår i Os, men så kom regn og kulde - og i går, haglbyger og snø.

Men no skal temperaturen opp rundt 10 gradar.

Etter ein solrik måndag med 4-6 gradar er det venta ein grå tysdag, med regn frå etter lunsj, og nedbør også onsdag.

Men fredag skal det snu.

Det er meldt sol frå nesten skyfri himmel og 12-13 varmegradar både fredag og laurdag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no

Yr melder sol samanhengande til og med onsdag neste veke, Storm spår regn søndag og måndag, men comeback for for finvêret frå tysdag i neste veke.

Det kan lova bra for starten på påskeferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.