EMScup2016 – Stor stemning på Kuventræ

Kokvarm cup på Kuventræ

Video og bildeserie: EMS-Cup 2016 på Kuventræ ein varm suksess med A-lagsspelarane som ivrig dugnadsmannskap.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Videojournalist: Ørjan Håland, Midtsiden.no

Laurdag gjekk første dag av Eat, Move, Sleep-cup (EMS-cup) av staben på Kuventræ i strålande sommarvær. Bøttene med vatn til å kjøla ned spelarane sto tett langs sidelinjene.

– Det har gått veldig bra, vi har ikkje hatt nokon som har måtte ha hjelp i høve varmen. Eg trur spelarane har vore flinke til å få i seg drikke og å kjøla seg ned mellom kampane, seier cup-general Endre Brenne.

Med seg til å losa arrangementet vel i hamn har Brenne fått føresette på dei aldersbestemte laga og spelarane på A-laget til Os.

– Det er kjempebra at også A-spelarane stiller opp, det skulle berre mangle. No får dei unge spelarane møte forbilda sine. Eg er ikkje sikker på at alle veit kven dei er, kommenterte ein av tilskoderane til Midtsiden.

EMS-cup held fram søndag før A-laget tek imot Nest Sotra 2 til heimekamp klokka 17.

Fleire saker