Næringsliv | 18. feb. 2010

Varsam optimisme

I dag opnar årets "Dra til Sjøs" i Arenum. Onsdag kveld såg osingane som stiller ut på båtmessa lyst på dagane dei har i vente.

Varsam optimisme
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. feb. 2010 06:20

Bildeserie:

1 av 10

Onsdag kveld opna Dra til Sjøs for inviterte gjestar som ville ha ein sniktitt på messa før opningsdagen torsdag. Vi fann ikkje poker-run-båtar eller designracarar med Porsche-merke på, slik vi gjorde i 2008, men ei full og innhaldsrik messe, med spor av optimisme for sesongen som no er i ferd med å starta.

- Eg ser at mange har redusert litt i kostnad på utstillingane sine. Det har også vi, men eg føler vi har fått mykje for pengane og ei utstilling Askeladden verdig, seier dagleg leiar i Båtens Beste, Jonathan Dyrstad.

Salet har starta
Askeladden kjem med den nye båten P66 Pilothouse i år, men lanseringa blir på neste messe, Sjøen for Alle i Lillestrøm i mars.

- Men vi har skisser og produktark liggande, og selte faktisk eit eksemplar for to veker sidan. Vi har også selt eit par mindre båtar etter nyttår, fortel Dyrstad.

- No blir det spennande å sjå responsen under messa. Sel vi 20 båtar desse dagane og i kjølevatnet av messa så er vi nøgd.

Bergen og verden
På Bergen Båt sin stand fann vi to båtar merka "Bergenslansering", ein Uttern D68 og ein Bavaria 28.

- Uttern D66 har fått ny design og nytt namn. Bavaria har kome med sin minste båt til no, ein 28-fotar til rett under millionen, seier Per Alvern.

Alvern trur 2010 blir betre enn 2009, og at lågare lager dei fleste plassar kan skapa mangel på nye båtar når sommaren nærmar seg.

På Viknes sin stand fann vi verdslansering, 1080 Sunbrigde er største frå Viknes til no.

- Vi hadde suksess med lanseringa av 1030 i fjor, som også kjem i sunbridge-versjon, så denne har vi stor tru på, seier marknadssjef Christer Midthun om flaggskipet til dryge 3 millionar kroner.

- Ser fram til testkjøring
Hos A.K. Dranges Båtservice og Motor-Drange har Ibiza, som er nytt merke for Drange-familien i år, kome på plass i utstillinga.

- Båtane kom direkte frå fabrikken til messehallen. Det var kjekt å sjå dei og det skal bli minst like kjekt å prøvekjøra, seier Jenny Drange.

Broren Arne Falk, som driv Motor-Drange i Bergen, seier Ibiza er ganske lik som Skibsplast, merket Drange har frå før. Men han trur likevel dei vil appellera til ulike kjøparar.

- Dei er litt like i kvalitet, finish, pris og storleik, men Skibsplast legg litt meir til rette for overnatting medan Ibiza har meir sportsleg preg, seier Arne Falk Drange.

Han gler seg til resten av messa.

- Dette skal bli gøy! Vi har allereie fått god respons på det vi stiller ut, det er fleire folk her enn kvelden før opninga i fjor og vi trur marknaden på messa og fram mot våren blir bra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.