Kultur | 18. aug. 2011

Varsam tjuvstart

Heidi-Marie Vestrheim gleda Oseanapublikumet med ein varsam tjuvstart på haustsesongen.

Varsam tjuvstart
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2011 13:13

I samband med lanseringa av haustprogrammet til Oseana blei det òg tid til gratiskonsert med "The End - A Gentle Reminder"-songar Heidi-Marie Vestrheim.

Dei snaut 100 frammøtte fekk ein stemningsfull og varsam konsert med artisten som har blitt samenligna med mellomanna Susanne Vega og Joni Mitchell.

- Dette var ein overraskelse og utruleg bra konsert, meinte ein av tilhøyrerane som Midtsiden.no snakka med etter konserten.

Overraskande, fordi ein kanskje venta seg noko anna frå ei jente med ring i nasen og tatovert overarm.

Gråsprengt

Publikumet var gjerne eldre enn det låtskrivaren frå Øystese er vant til frå julemorgen på NRK og andre barneprogram på statskanalen, men det lot ho ikkje seg affisera av.

Låtane blei introdusert med glimt i auge og små stikk til trommis og bassist Roy Ole Førland.

- Han er den eineste eg kjenner som har gråsprengt som hårfarge i passet sitt, fortalte Vestrheim til latter for publikummet kor fleire nærma seg same status.

Smugrøyk på Essoen

Musikken til Heidi-Marie er sår og varsom, men samstundes tøff og rå. Inspirasjonen er tydelegvis henta frå country og rock, men å vera rockar frå Øystese er ikkje berre enkelt i følge Vestrheim.

- Det er ikkje lett å vera like kul som Bob Dylan når du kjem frå Øystese, kor det tøffaste du kan gjera er å smugrøyka på Essoen, slo ho fast som introduksjon til ei av låtane.

Forsmak på "The End"

Vestrheim er ei av songarane i framsyninga "The End - A Gentle Reminder" som opner haustsesongen i Oseana. Onsdag lot ho publikum få ein liten forsmak på kva ein kan venta seg i forestillinga. Med seg på scena hadde ho Gunhild Mathea Olaussen på fiolin. Olaussen er òg på scena i "The End...", men er samstundes scenograf for framsyninga.

Sjå klipp frå konserten med smakebiten frå "The End" som avslutning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.