Lokal | 21. feb. 2019

Varsla om ras av stein langs Byvegen

Ein bilist blei vitne til at ein stein på fleire kilo landa på fortauet.

Varsla om ras av stein langs Byvegen
– Steinen landa ikkje midt på fortauet, men var litt stor, og ville gjort skade om den traff nokon, seier innringar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. feb. 2019 10:57

Torsdag morgon raste ein stein ned på fortauet på austsida av Byvegen, mellom Jordmorsvingen og Elvebakken.

– Den landa ikkje langt ut på fortauet, men ser stor og tung ut. Mange ferdast på dette fortauet, og viss fjellveggen er dårleg sikra bør nokon undersøka forholda, meiner innringar.

På staden ser det ut som om fleire mindre steinar har rast ned i nyare tid.

Vedkomande har òg kontakta Os kommune.

– Vi er kjent med saka. Samferdsleavdelinga vår har varsla vidare til Statens vegvesen, som har ansvar for fylkesvegane i Os, seier teknisk vakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.