Varslar barnehagesprekk
Kommunen varslar underskot på mellom 6 og 9 millionar på barnehageområdet grunna folkevekst, utvida rett til plass og auka tilskotssatser.
I samband med rapportering for 1. tertial varslar rådmannen at kommunen ligg ann til eit meirforbruk på mellom 6 og 9 millionar kroner.
– Ein av faktorane er veksten i kommunen og barnetalet. Normalt har vi sett høge barnetal om våren og eit noko lågre tal når barnehagane startar opp igjen i august då mange går over i skulen. Barnehagane blir så fylt opp utover mot teljinga 15. desember.
– For hausten 2016 var reduksjonen på omlag 100 barn, i år er tilsvarande tal berre 13. Det kostar penger, konkluderte kommunalsjef Line Rye då ho gav ei muntleg oppsummering av tertialrapporten i tenesteutvalet onsdag.
Frå 250 til 300 barn
Administrasjonen har i budsjettberekningane inn mot 2017 lagt til grunn barnekull på 250.
– Vi ser ut frå folkevekst og erfaringstal at vi må oppjustere dette talet til gjennom- snittleg 300 barn for åra framover. Tal frå SSB visar ei netto tilflytting på 145 innbyggjarar i Os første kvartal og 69 av dei nye innbyggjarane er nyfødde, forklarar Rye i rapporten.
Vedlikehald gir auka kostnad
Sjølv om tal på dei kommunale barnehagane blei merkbart redusert ved oppstart av nyt barnehageår og det gav reduserte løns- og driftskostnader. Samstundes har kostnadane til dei kommunale barnehagebygga (vaktmester, reinhald, straum etc) auka med 500 000 kroner.
– Når dei kommunale barnehagane sin samla økonomi blir fordelt på så få barn, så gjer det at kommunen sine overføringar til dei ikkje-kommunale barnehagane går opp. Tilskotssatsane har auka med omlag 5 % frå 2016 til 2017. Dette utgjer ei auking på omlag 3,5 millionar kroner, forklarte kommunalsjefen.
Utvida rettar kostar 1,5 millionar
Den lovbestemte retten til barnehageplass blei utvida til å gjelde også barn fødd i oktober og november i januar.
– Kommunestyret vedtok at vi skulle gje tilskot til frå august for å sikra at dei med rett til plass fekk plass. Det var eit godt vedtak, men det utgjer, som vi varsla omlag 1,5 millionar kroner.
Totalt overfører kommunen omlag 150 millionar kroner til dei ikkje-kommunale barnehagane i tilskot kvart år.