Lokal | 12. okt. 2019

Varslar nattarbeid i neste veke

Ombygging til elektrifisert drift er i gang. I neste veke kan det bli noko støy på nattestid.

Varslar nattarbeid i neste veke
Nettene i neste veke blir det nattarbeid på Hatvik ferjekai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. okt. 2019 10:31

Ferjesambandet Hatvik – Venjaneset skal elektrifiserast. Fjord1 skal drifta sambandet frå 2020, og er også ansvarleg for å utføra tilpassingar på kai på vegne av Skyss.

– Grunna hyppige avgangar på dagtid, må delar av arbeidet skje på nattestid. Dette kan generera noko støy, og vi beklager ulempene det medfører for dei som bur i området, seier Åsmund Lyslo Bøe, prosjekt- og byggeleiat i Novaform.

Nattarbeid vil skje frå måndag 14. til fredag 18. oktober.

– Vi vil prøva å få utført arbeidet så raskt som mogleg, og til minst mogleg sjenanse.

Boring og pæling

Det er ført opp eit nytt teknisk bygg på kaien, i tillegg skal det monterast ein fortøyingsautomat på piren og eit ladetårn ved ferjelemmen.

Fortøyingsautomaten har ein mekanisk arm som ved hjelp av vakuum held ferja fast til kai utan at den bruker motorkraft.

– Automaten må fundamenterast godt, og grunnforholda ved kaien er utfordrande.

– Det vil bli nytta boreaggregat installert om bord i ferja til å bora fast og setja ned pæler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.