Lokal | 26. aug. 2017

– Vart snakka ned før start

Lesarinnlegg: Takk for at me fekk prøva statleg finansiering av eldreomsorga!

– Vart snakka ned før start
Laila Reiertsen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. aug. 2017 06:21

Statleg finansiering av eldreomsorga, som FrP har gått i bresjen for, vart snakka ned av mange då det vart sett ut i livet. Og det var stor skepsis til forsøksordninga.

Så langt i prosjektet (vel eit år) har ein bevist at det fungerer slik det skal.

Testkommunane er strålandes nøgde. Og ikkje minst brukarane føler seg godt ivaretekne. Til og med dei som sit med ansvaret, og som skal effektuera ulike vedtak, ser at prosjektet er liv laga.

«Vi opplever at brukaren står mykje meir i sentrum», vert sagt.

Gledeleg å høyra for eit FrP-hjarte! For dette var nettopp ein av dei viktigaste grunnane til at me ville innføra statleg finansiering. I tillegg ser ein at ein former tenestene på ein heilt annan måte enn før. Ein får meir struktur på vedtaka og ein kvalitetssikrar undervegs.

Ein får og ei heilt anna økonomisk tilnærming. Ein får direkte betalt for det ein treng. Faglig utvikling, tryggare økonomiske rammer og ein betre oversikt er andre stikkord som kjem av ordninga.

Det at no forsøkskommunane tiljublar ordninga gjer at FrP vil arbeida for at prosjektet i ei eller anna form vert vidareført. Nettopp fordi det verkar. Likebehandling av brukarane og kontroll på det økonomiske burde stått høgt på dagsorden også hos andre parti.

Uansett så vil me i FrP alltid stå på for dei eldre, så lenge me får vera med å påverka. Statleg finansiering vil i vår ånd vera eit godt verkemiddel til at eldreomsorga skal vera rettferdig, verdig og trygg i heile landet.

Er du einig? Stem FrP!

Laila Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.