Våt helg - vakker måndag
Dagens soloppgang sett frå Solstrand Hotel & Bad.
Bildeserie:
Laurdag var det nye timar med store nedbørsmengder, som i denne omgang førte til problem med ein stor bekk langs Hegglandsdalsvegen, der teknisk eining og Os brannvesen måtte til pumpene.
I tillegg var det pumping i Hamnevegen og stengt treningssenter i Brugata.
Einaste stengte veg i Os var Ole Bulls veg, som var stengt med bom frå fredag kveld til søndag klokka 12.
Søndag morgon kunne både Os kommune og Os brannvesen fortelja om ei roleg natt utan nye, våte hendingar.
2,5 dagar med sol
Måndag starta med skyfri himmel og dagen held fram med opphaldsvêr, 9-10 gradar og vind på 2-3 m/s.
Opphaldsvêret held seg til tysdag kveld. Det er meldt lett regn natt til onsdag, med fare for nokre byger på dagtid onsdag.
Torsdag er det venta sol og opphaldsvêr igjen, mens det frå fredag ettermiddag og gjennom helga er meldt lett regn.
• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.