Vatn, vind og 9 gradar
Vinteren er over - nå får vi ei veke med mykje regn og ein del vind. Men helga kan bli bra.


Etter ein rekordfin vinter på Vestlandet snudde vêret søndag.
Ifølgje BT.no har Bergen har Geofysisk Institutt registrert 284 soltimer frå januar til og med mars, noko som er tre timar meir enn den førre rekorden, som er frå 1964.
Men søndag no har det kome både regn, vind og varme, og sånn skal det vera nokre dagar framover.
Yr.no melder over 10 mm nedbør og frå 7 til 10 m/s vind i Os kvar dag til og med torsdag. Så skal det bli lettskya eit par dagar.
Storm.no melder også over 10 mm nedbør desse dagane, med unntak av onsdag, då dei spår lettskya vêr og 5-6 mm nedbør.
• Temperaturane på dagtid skal ligga på rundt 9 gradar heile veka.
• Både Yr og Storm melder nærmast skyfri himmel fredag og laurdag, men regn igjen neste søndag.
• Eikedalen Skisenter meldte før helga at laurdag 13. april blei sesongens siste dag med opne heisar.