Lokal | 14. juli 2011

Vatnet fossa

Eit vatnledningsbrot rett utanfor Rimi gjorde det blautt i Øyro.

Vatnet fossa
Andris Hamretorsdag 14. juli 2011 07:08

Omlag klokka åtte torsdag morgon oppdaga dei tilsette på Rimi at vatnet fossa opp gjennom asfalten på parkeringa rett utanfor butikken.

- På det meste sto det som ei søyle omlag 30 cm over bakken, fortel dei.

Vatnet kom frå ein vassledning som hadde fått brot.

Teknisk vakt hjå kommunen kom i løpet av omlag ein halvtime og fikk stengt vatnet i kummar på kvar side av brotet.

- Det er kun dei som har butikk her i gata som no er utan vatn, fortel teknisk vakt.

Påviser kablar

Kommunen er allereie i gang med å påvise kor straum- og telefonkablar går i området for å kunne grave fram den brotne vatnledningen.

- No er vi i ferd med å få gravemelding på plass og å hente gravemaskina.

- Eg reknar med at vi har delar på lageret slik at vi får fiksa det i løpet av dagen, avsluttar teknisk vakt i Os kommune.

Vatnet har hold seg i gata og ikkje funne vegen inn i nokon av butikkane i Øyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.