Lokal | 28. juli 2011

Vedholmen fekk hjartestartar

Seks unge mødre samla inn pengar til ein hjartestartar som no heng i butikken i Søre Øyane.

Vedholmen fekk hjartestartar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juli 2011 13:24

Bortsett frå hjartestartarane dei har om bord i fiskebåtane Hargun og Røttingøy har nærmaste hjartestartar for folk i Søre Øyane vore i Nore Neset Aktivitetshus.

– Det er ikkje alltid båtane ligg til kai, vi ville ha ein på øya òg, seier Kine Rabben.

Initiativet var det venninna Heidi Røttingen som kom med, og dei to samla saman med fire andre venninner inn dei rundt 30.000 kronene hjartestartaren kosta.

– Vi hadde fakkeltog med stopp på skulen der vi selte kaffi og vaflar, og vi har hatt fest. Dameklubbane i Øyane hadde også fest, der dei gav overskotet til oss. I tillegg har vi fått fleire pengegåver direkte på konto, fortel Kine.

Apparatet blei nyleg hengt opp inni butikken Bunnpris Vedholmen Landhandel, som også er søndagsopen.

HJARTESTARTARAR I OS

Her er ei liste over nokre av hjartestartarane i Os. Veit du om fleire set vi pris på at du informerer oss på kjetil@midtsiden.no så vi får oppdatert lista.

• Abo Plan & Arkitektur
• AMFI Os
• Askeladden
• Bjørnefjorden Golfklubb
• Klubbhuset på Kuventræ
• Legekontor (fleire)
• LHL Os
• Nore Neset Aktivitetshus
• Os brannvesen, på to av bilene
• Os Gymnas
• Os legevakt
• Os Manuellterapi & Fysioterapi
• Os Rådhus
• Os Taxi
• Osbadet
• Oseana
• Osbuss, i seks av bussane
• Sprek og Blid Os
• Søre Neset idrettslag (klubbhus, Bjørnen)
• Privatmegleren
• Ulven leir
• Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.