Torsdag gjekk ein hund til åtak på ein annan hund på Nore Neset.
Fredag kveld var politiet og henta to hundar hos eigaren til den som gjekk til åtak.
– Det er fatta vedtak om avliving av hunden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Han har ikkje detaljane i saka, og kan derfor ikkje svara på kvifor to hundar blei henta hos eigar.
Det er også uvisst om det er fatta vedtak om avliving av begge, eller om den eine kan omplasserast.
– Minst éin av hundane har gått til åtak på andre hundar fleire gongar før.
Vedtaket er ikkje endeleg, eigar kan klaga på vedtaket.