Vegard blei noregsmeister i trial

Vegard Bolstad Bjørø er suveren i noregscupen. I helga vann han ekspertklassen i trial-NM.

Vegard Bolstad Bjørø i noregscup og NM i Norheimsund i helga. (Foto: Stian Vestrinen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2016 11:53

Bildeserie:

Vegard Bolstad Bjørø tok sitt første NM-gull! (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø, NM 2016. (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø, NM 2016. (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø tok sitt første NM-gull! (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø, NM 2016. (Foto: Stian Vestrinen)
1 av 3
Vegard Bolstad Bjørø, NM 2016. (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø, NM 2016. (Foto: Stian Vestrinen)
Vegard Bolstad Bjørø tok sitt første NM-gull! (Foto: Stian Vestrinen)

I helga var det trialfest i Hardanger med tredje noregscupritt fredag og NM laurdag. Både noregscupen og NM hadde rekordmange deltakarar, med 27 i NC og 31 i NM.

Osingen Vegard Bolstad Bjørø, som fyller 18 år i sommar, syklar for Vestkant Trial.

Han har vunne både den første og andre noregscupen i år, og stakk også av med sigeren fredag. Laurdag blei det jamnare, men Vegard sikra seg NM-tittelen.

– I fjor fekk eg fjerdeplass, dette er mitt første NM-gull, seier Vegard til Midtsiden.

Færrast prikkar og best tid

Han skildrar trialkonkurransanepå denne måten:

– Det er ei løype med 5-6 seksjonar. Du tar løypa tre gongar. I kvar seksjon er det fleire hinder og hopp, tar du beina i bakken så får du prikkar. Den med færrast prikkar vinn.

Tar du éin fot nedi så får du 1 prikk, tar du begge beina nedi får du 5 prikkar. Har du 5 prikkar må du ut av seksjonen og ta den éin gong til.

– I ekspertklassen var fortsatt Bjørø best, og vann med berre åtte prikkar. Men Even Lippestad heva seg mange hakk fra NC-rittet, og fikk også berre åtte prikkar. Med like poengsummar på kvar seksjon blei det førstemann i mål, og Bjørø vblei ferdig ni minutt før Lippestad, skriv biketrail.no.

Tredjeplassen gjekk til Kristian S. Bergersen med 15 prikkar.

Fire klassar

Utøvarane kan velja mellom fire klassar; nybyrjar, vidaregåande, ekspert og elite.

Vegard er i sin tredje sesong i ekspertklassen.

– Held eg fram som dette i dei siste noregscuprundane bør eg kanskje opp i eliten neste sesong, seier den nybakte noregsmeisteren.

Trener kvar dag

Bjørø starta med trial for 4-5 år sidan.

– Det byrja med at eg likte å sykla på bakhjulet og å hoppa med sykkel. Etterkvart meldte eg meg inn i klubb, i Vestkant Trial, som er ein av få klubbar i Noreg, og så blei det konkurransar.

– Eg trener nesten kvar dag, rundtom i Os og på far min sin verkstad i Kolskogen.

Han seier det er eit par andre i Os som òg driv med trial og triksing.

– Erik Matre har halde på nokre år, men det er mest street, ikkje så mykje organisert, i tillegg er Isak Aspevik aktiv. Han har hatt god framgang og er ny i ekspertklassen i år.

– Isak er skadd, og er dessutan på ferie, så han kunne ikkje vera med i NM i helga.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.