Sport | 20. sep. 2020

Vegard i troppen for Brann

Vegard Strønen Skeie kan få Eliteserie-debuten sin i kveld.

Vegard i troppen for Brann
Vegard Strønen Skeie på trening tre dagar før kontrakten blei skriven måndag 14. september. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. sep. 2020 15:26

Tysdag blei det kjent av Vegard Strønen Skeie går frå 3. divisjon til Eliteserien etter å ha signert med Brann dagen før, noko blant andre den tidlegare lagkameraten Ole Martin Lekven Kolskogen gler seg over.

I kveld tar Brann imot serieleiar Bodø/Glimt.

– På sikt håper eg å spela meg inn på laget. For dei neste månadane håper eg på eit innhopp eller to, men om ikkje det blir debut i år, så er ikkje det så farleg. Tida får visa kor tid eg slepp til, sa vegard til Midtsiden etter signering.

Då troppen i 17-tida i dag blei publisert, kom det fram at Vegard er i troppen allereie ved første sjanse.

Brann startar med Ole Martin Kolskogen og Vegard Forren som midtstopparar, og har Bismar Acosta og Vegard Strønen Skeie som reservar.

Kampen startar klokka 18.00 og blir vist på Dplay og på sportsbaren Catten i Os sentrum.

OPPDATERT: Skeie blei ubrukt reserve. Forren signaliserte at han ville ut, og då blei Acosta sendt i oppvarming, og i 76. minutt byta innpå.

Brann hadde flest sjansar til pause, og det sto 0-0. Men serieleiarane kontra seg opp i 0-3-leiing og vann 1-3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.