Lokal | 22. apr. 2010

Vegen opna i dag

Vegen over Søvikåsen er opna igjen. - Men det såg verre ut enn geologen venta, seier Arne Håkon Rød.

Vegen opna i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. apr. 2010 07:16

I mars gjekk det fleire snøras i Øvredalen, som i periodar blei isolert anten av ras eller av stengt veg grunna fare for ras.

11. mars blei også vegen over Søvikåsen stengt, grunna fare for ras. Vegen blei opna igjen, men 17. mars raste ein rundt to tonn tung stein ut i vegen. Vegen blei stengt igjen og opna først i dag.

- Vi var på synfaring med geolog onsdag kveld. I dag klokka 8 opna vi vegen igjen, seier seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

Kan bli stengt igjen
Vegen over Søvikåsen skulle vera stengt til «over påske», for ny synfaring der kommunen saman med geolog tidlegare såg fleire lause steinar. Snøen smelta seint, derfor kom dei seg på ny inspeksjon først i går.

- Geologen sa at det såg verre ut enn han hadde trudd. Men det som er av lause steinar ligg no i tørr jord. Kjem det mykje nedbør må vi stenga vegen igjen, seier Rød.

Bom, ikkje sikring
Å gjera tiltak i det rasutsette området blir for dyrt.

- Eg spurte geologen om vi burde gjera noko for å sikra massene. «Viss kommunen er tjukk i pengar, svarte han». Det er dyrt å rydda området, for så å risikera at det går ras nokre meter lengre borte.

Men tiltak blir det. Kommunen skal no kjøpa inn og montera bom på begge sider av Søvikåsen slik at det blir enklare å stenga vegen fysisk.

- Skilt med rasfare er allereie på plassen, men vi treng noko som vi raskt og effektivt kan sperra vegen med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.