Veidekke: Hovudkontoret tar form
E39 Svegatjørn - Rådal: Her skal det koma 45 kontor. Kva blir første synlege arbeid ved Svegatjørn?
Bildeserie:
Tysdag i førre veke kunne ordførar Terje Søviknes ta det første, symbolske spadetaket i Os på Svegatjørn-Rådal.
No skal tremenningen hans, Jarle Søviknes frå Veidekke, overta.
– Det første synlege arbeidet blir faktisk utvidinga av ein busshaldeplass i Industrivegen. Busshaldeplassen vis a vis avkøyrsla til Os vgs skal bli dobbelt så stort, fortel Søviknes.
Dette arbeidet startar 12. oktober.
Riggar til hovudkontor
I september fortalte vi om montering av midlertidig overnattingsplass til 160 arbeidarar ved Lidl-lageret i Ådnadalen.
Men hovudkontoret til Veidekke blir nærmare Svegatjørn, ved krysset mellom Ulvenvegen og Industrivegen/Kolskogen.
– Skiltet kom på plass før helga og når vatn, avlaup, internett og straum er på plass så får vi 40-45 kontorplassar i Kolskogen.
Vestafjell har selt lageret sitt til Statens vegvesen, og er berre cirka ein månad frå innflytting i nytt, stort lager i Hegglandsdalen.
Stenger Ulvenvegen - tappar ned Svegatjørn
Fredag 6. november skal Ulvenvegen stengast, for då startar nedtappinga av 7 meter djupe Svegatjørn. Omkøyring blir i Industrivegen og vil vara i to år.
– Vatnet skal pumpast opp i den kunstige bekken som renn langs E39. Det blir naturlegvis tatt prøvar og eventuelt reinsa vatn ved behov.
Svegatjørn blei grundig inspisert allereie hausten 2009. Det var først meininga å halda på noko vasspegl, men så blei det bestemt å fylla igjen heile vatnet.
– Det er mogleg at vi må ha tilkøyrd noko stein i starten, men så snart tunnelldrivinga startar så er vi sjølvforsynt.
Drivinga av 1,5 km lange Skogafjellstunnellen startar i månadsskiftet januar-februar.
I mai bli eitt felt på E39 stengd i fire månadar. Omkøyring blir om Os sentrum.
Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.