Lokal | 04. jan. 2014

To veker i isolasjon

Politiet arresterte i romjula ein osing i ei pågåande narkotikasak. Han blei fengsla i fire veker, der to av dei er i full isolasjon.

To veker i isolasjon
Nordhordland Tingrett (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelaurdag 04. jan. 2014 08:56

27. desember gjekk politiet til aksjon mot eit husvære i Os for å pågripa ein person i samband med ein pågåande narkotikasak.

– Det skjedde etter avgjerd frå jurist. Sidan det er ei sak kor etterforskning framleis pågår kan vi ikkje kommentera dette yttarlegare, fortalde vakthavande betjent ved Os lensmannskontor i romjula.

Framsto lite truverdig

Måndag 30. desember blei mannen i midten av 20-åra framstilt for fengsling i Nordhordland tingrett, kor han blei fengsla med brev- og besøksforbod fram til og med 24. januar, og i fullstendig isolasjon til og med 10. januar, i frykt for at han vil kunne kontakta og påvirka andre involverte i saken.

Mannen erkjente i fengslingsmøtet straffeskyld, men forklarte seg på fleire punkt forbehaldande og framsto som lite truverdig, ifølgje dommen.

– Sakens omfang framstår som noko uklar. Det er god grunn til å mistenka sikta for større befatning med og omsetnad av narkotika enn tidlegare erkjent, skriv dommaren i kjenninga.

Politiet skal i samband med etterforskinga ha beslaglagt fleire telefonar, der det på eit par av dei viser kontakt med andre personar, kor omsetnad av narkotika framstår som tema.

Mannen er sikta etter straffelovas paragraf 162, 1. ledd. Han har også tidlegare vore tiltalt for befatning med ikkje ubetydelege mengder amfetamin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.