Næringsliv | 08. sep. 2011

Veks gjennom byggefasen

Etter ein svak sommar for heile bransjen er det no stor vekst i handelen i senteret. Men i desse dagar er det flytting og pause for to leigetakarar.

Veks gjennom byggefasen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. sep. 2011 21:00

I starten av august fortalte senterleiar ved AMFI Os, Christer Danielsen, om nedgang i den samla omsetnaden i senteret denne sommaren.

– Det var nedgang i heile landet. Dårleg vêr førte nok til svakare sal av typiske sommarvarer, krisa i USA og fokuset det fekk i media gjorde sikkert også sitt til at folk var litt varsame med pengane sine, trur Danielsen.

15 prosent over fjoråret

Men sidan midten av august har det vore stor vekst i handelen i senteret på Os, trass i byggearbeida som pågår.

– Vi har lagt på meir enn 5 prosent over fjoråret kvar veke sidan skulane starta, den eine veka var vi 8,8 prosent over, den andre 15 prosent over tilsvarande veke i 2010, seier han nøgd.

– Treng eit sterkt sentrum

Danielsen bryr seg ikkje berre om handel i eige senter, han er også opptatt av Os generelt og av utviklinga i Os sentrum.

– Eg, som sjølv er innflyttar frå Bergen, blei imponert over utvalet i heile Os, og kor koseleg det er å gå her og handla. No har det blitt sånn at i det eg kjem meg ut av Bergen mot Os så pustar eg letta ut.

– Dette trur eg stadig fleire over kommunegrensa mot Bergen vil oppdaga, både før og etter ny E39 er på plass, og eg gler meg over at det skjer så mykje spennande i Os sentrum for tida.

– Det er trist når gamle butikkar forsvinn, men det gjekk imponerande kort tid før lokala fekk nye leigetakarar, vi treng å styrka kvarandre i Os uansett kva adresse vi har.

Stenging og flytting

AMFI Os utvidar for å gje plass til ein rundt 2000 kvadratmeter stor Coop Extra som skal opna i slutten av oktober. Samstundes blir det nye parkeringsplassar både under den nye butikken, som kjem på gateplan, og på taket.

– Det blir også nytt inngangsparti i front mot innkjørsla frå Prestegardsskogen, og arbeidet med dette gjer at vi har gjort nokre justeringar på to av leigetakarane.

Baker Brun har stengt for ein periode på to veker, Lysthuset er flytta opp til 2. etasje.

– Fungerer heilt fint

– Dette lokalet er større enn det eg hadde, men eg hadde ingen problem med å fylla det med varer, seier Monika Nord frå Lysthuset.

Lokalet der Wistex tidlegare heldt til er fylt med klede, sko, småmøblar og gåveartiklar.

– Eg skal ned igjen der eg var, men dette fungerer veldig fint og kundane er nøgd.

Baker Brun vil bruka pausen, som blir på cirka to veker, til å planlegga og pussa opp. Dei opnar igjen på same stad, men kanskje i litt annan innpakning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.