Lokal | 01. mars 2011

Veks meir enn Askøy

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Os er den kommunen i Hordaland, utanom Bergen, som veks mest.

Veks meir enn Askøy
Andris Hamretirsdag 01. mars 2011 15:39

I 2010 blei vi 526 fleire osingar, dobbelt så stor auke som året før, noko ei netto tilflytting på 383 personar var med på å bidra til.

Dette gjer at Os er den kommunen utanom Bergen med høgast netto tilflytting. Ein annan vekstkommune - Askøy - hadde til samanlikning ei nettotilflytting på 374.

- Ordførar Terje Søviknes, ein kjapp kommentar til tala?

- Dei er fantastisk bra. Det viser at vi er ein attraktiv kommune og at vi gjer noko riktig.

- Eg trur det er to ting som verkar inn. Det eine styrer vi helt sjølv, Os inspirerar, der vi prøver å bygga eit positivt omdøme med ei ja-haldning.

- Det andre trur eg er ei positiv forventing til E39 Bergen - Os. Den rår vi ikkje over sjølv, men vi gjer det vi kan for å halda trøkket oppe og få vegen realisert.

Rustar for vekst

Ei utfordring knytta til vekst er infrastruktur som skular og barnehagar. I dei kommunale budsjetta har ein rekna med ein vekst på 2,5% kvart år. Fjorårets vekst enda på 3,2%.

- Klarer kommunen å absorbera den store veksten?

- Det er sjølvsagt ei grense for kor stor vekst ein klarer å absorbera på kort tid, men vi rustar oss, og har rusta oss for vekst dei seinaste åra, fortel Søviknes.

- På barnehagesida har vi full dekning, og med den nyleg vedtekne skulebruksplanen, kor vi har satt av 221,8 millionar kronar til bygging og opprusting av skulane, så skal vi også der vera godt rusta, meiner ordføraren.

- Ta godt i mot dei!

Ei oppfordring har ordføraren til dei som allereie kan kalla seg osingar.

- Det er viktig at vi evner å ta vel i mot våre nye osingar.

- Vi må ta vare på den lokale identiteten og integrera dei som flyttar til Os i det lokale kulturlivet, idrettslaga og dei andre flotte aktivitetane som går føre seg i bygda.

- Og så trur eg Oseana kjem til å bli ein viktig møteplass for gamle og nye osingar, avsluttar ordføraren.

Endring i folketal 2010:

Folketal 01.01.11 Tilvekst 2010 Fødde 2010 Døydde 2010 Netto tilflytning Os 17 210 +526 251 118 +383 Tysnes 2 756 -23 32 30 -25 Fusa 3 851 +28 42 32 +15 Samnanger 2 394 +19 24 16 +11 Fjell 22 220 +397 307 96 +190 Askøy 25 602 +609 389 155 +374 Stord 17 804 +239 251 103 +93 Bergen 260 392 +3 792 3 547 2 031 +2 284

Folkesamansetting i Os pr 1.1.11

0 år: 263
1-4 år: 1081
5 år: 260
6-12 år: 1677
13-15 år: 728
16-19 år: 976
20-39 år: 4637
40-54 år: 3420
55-66 år: 2424
67-79 år: 1234
80-89 år: 429
90+: 81

Folketal i Os pr 1. jan. siste 10 åra:

2001: 13 972 (+76)
2002: 14 103 (+127)
2003: 14 328 (+225)
2004: 14 611 (+283)
2005: 14 908 (+297)
2006: 15 260 (+1162)
2007: 15 595 (+335)
2008: 16 055 (+460)
2009: 16 437 (+382)
2010: 16 684 (+247)
2011: 17 210 (+526)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, www.ssb.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.