Veksling og kjøtt-tjuveri
Svindlarane som veksla til seg for mykje pengar på Rema 1000 er tatt. I går var kjøtt-tjuvar på plass i begge Rema-butikkane.


Måndag 31. mars fekk Os igjen besøk av svindlarar som lurte til seg for mykje pengar under veksling. Ved å veksla fleire gongar, ta mykje kontantar opp og ned av lommene, og til slutt påstå hardnakka at ein har fått for lite igjen, kan travle tilsette i kassen bli forvirra og usikker.
Men på Rema 1000 Kuvenstasjon skjønte mannen i kassen raskt at noko var gale, sprang etter svindlarane og såg kva bil dei sette seg inn i.
- Vi hadde alt fanga på fleire kamera. Eg kontakta politiet, og så ringte eg til eigar av bilen, fortel butikksjefen.
Eigaren, ei kvinne, fekk beskjed om at pengane skulle tilbake. Det var to menn som sto bak, men ei kvinne leverte 500 kroner til ein av dei tilsette like før stenging.
- Den eine av dei to mistenkte fekk eit forelegg, saken mot den andre er henlagt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
- Om det er dei same som står bak andre, liknande tilfelle i Os veit vi ikkje. Slike sakar er krevjande i forhold til dei ressursane vi har. Vi skulle gjerne ha kjørt saka vidare, men samstundes var det greit å få avgjerd på dette eine tilfellet, legg han til.
Tatt for kjøtt-tjuveri
I 16-tida torsdag hadde Rema 1000 nye, uærlege personar på besøk. Først i Idrettsvegen, så på Kuvenstasjon.
- Eg fekk melding frå den andre butikken, så eg var førebudd. Då dei prvde på det same hos meg blei dei tatt. Politiet hadde ikkje høve til å koma, men eg fekk notert personalia, fortel butikksjefen.
Måten dei prøvde å stela på var at éin av dei fylte ei handekorg med kjøtt, og gjekk mot ein kasse som ikkje var open. Så sette han korga over kundesperra, slik at ein annan kunne ta den med seg ut.
- Dei påsto at dei ikkje kjenner kvarandre, og gjekk til fots kvar sin veg etter at eg dimitterte dei. Men seinare i går såg eg ein av dei igjen, då han skulle henta bilen sin. Han sprang frå staden, men eg fekk notert nummeret på bilen.
I dag tidleg fann arbeidarar på nabobygget kjøtt for 4000-5000 kroner i ein pose under ein jakke. Dette har dei truleg fått med seg frå butikken i Idrettsvegen, og gøymt for at andre skal henta. Kjøttet er av finaste sort, men er øydelagt og må kastast.
Både folka bak vekslinga og tjuveria er menn frå Aust-Europa.