Sport | 06. apr. 2011

Vekst og vinnarar

Osbadet opplever kraftig vekst i besøkstalet, også symjekampanjen som nyleg er avslutta hadde fleire deltakarar enn i fjor. Her er vinnarane.

Vekst og vinnarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. apr. 2011 09:41

Tur til Island og Kypros har tidlegare vore hovudpremie i Norges Svømmeforbund sin store årlege symjekampanje, i år er det Las Playitas på kanariøya Fuerteventura som har lokka folk i bassenget.

Symjekampanjen, som gjekk frå nyttår og ut mars, kårer først lokale vinnarar i kvar klasse (13 år og yngre, 14 år og eldre), og dei som vann i Osbadet er:

Sofie Evensen (klasse 13 år og yngre)
Victor Markov (klasse 14 år og eldre)

Sofie, som sumde 11.800 meter (krav 2500) er no med i hovudtrekninga, som er ein vekestur for ein familie til Playitas.
Victor, som sumde 20.050 meter (krav 10.000) er med i trekninga om vekestur for to personar til same Playitas.

– Vi hadde 159 deltakarar, som er 9 meir enn i 2010 og 2009. 104 klarte kravet, mot 92 i fjor og 79 i 2009, fortel dagleg leiar Leif Gunnar Borgen.

– Den yngste klassen har hatt størst vekst i talet på deltakarar. Det er nok eit teikn på at det er godt miljø og stor aktivitet i Os Svømmeklubb, trur Borgen.

Vinnarane fekk kvar sine gåverkort på 500 kroner hos MX Sport Os, i tillegg til at dei er med i trekninga av hovudpremien. Også to andre deltakarar som hadde klart kravet fekk gåvekort hos MX Sport:

13 år og yngre - Josefine L. Bø frå Os
14 år og eldre - Terje Eikeland frå Os.

I tillegg vil Alexander Balland motta eit gåvekort frå Osbadet. Alexander er den som sumde lengst av alle i årets kampanje, Alexander la bak seg 61.575 meter med vatn på 3 månadar.

Kraftig vekst i besøkstalet

Det er ikkje berre i symjekampanjen Osbadet har opplevd vekst i år, 2011 har starta med svært godt besøk.

– Vi set nye rekordar frå veke til veke og ligg omtrent ein månad framfor budsjett. Frå 1. januar til ut mars hadde vi rundt 15.000 besøkande mot cirka 11.000 i på same tid i fjor, fortel badesjefen.

Auka besøk frå Bergen, spesielt av småbarnsfamiliar, er ei av årsakene.

– Det kan sjå ut som om ein kinoreklame vi kjørte i desember har hatt effekt, for vi har mange nye gjestar.

- Elles ser det også ut som om jungetelegrafen fungerer fint også i nabokommunen, vi får mange tilbakemeldingar om at Osbadet er passe stort, har eit godt tilbod til dei yngste og er oversikteleg og praktisk for foreldra.

I neste veke er det skulemeisterskap i syming, laurdag 30. april er det Svømmingens Dag og Osmeisterskap, som er ope for alle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.