Sport | 04. feb. 2018

– To veldig ulike omgangar

Os spelte treningskamp mot Arna-Bjørnar søndag kveld.

– To veldig ulike omgangar
Sist Os spelte mot Arna-Bjørnar var i NM-kvalifisering i 2016. Då vann Os 8-1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. feb. 2018 19:59

Søndag spelte Os treningskamp mot Arna-Bjørnar i Vestlandshallen.

Os slo Arna-Bjørnar 8-1 i NM-kvalik i 2016, i år speler dei i kvar si avdeling i 4. divisjon.

Os - Arna-Bjørnar 0-1 (0-1)

– Dette var eit steg tilbake i forhold til dei to første treningskampane våre i vinter, seier hovudtrenar Karl Kvile.

Han fortel om ein jamn førsteomgang, der Arna-Bjørnar slo mykje langt og skåra på ein overgang, og ein andreomgang der Os overtok fullstendig, men ikkje klarte å skåra.

– Det er ikkje resultatet som skuffar meg, det er mangelen på engasjement og tempo før pause. Heldigvis kom ungdomane innpå med ein heilt annan glød. Vi var ikkje gode nok i boks, men det var spel mot berre eitt mål, og vi skapte ein del sjansar.

– Alle burde vore utkvilte

Kvile synest det er godt å sjå at det funker når spelarane er på.

– Men når vi bruker mykje tid og pengar på å leiga hall og dommar, så ventar eg at alle stiller klare til kamp.

Spelarane hadde fri både fredag og laurdag, og Kvile meiner alle burde vore utkvilt.

– I første omgang gjekk det for seint, vi flytta beina for treigt då vi skulle i press, og vi hadde for lågt tempo på ballen, sjølv om begge delar var det vi hadde fokus på før kampstart.

Med Moldskred og Øvredal i troppen

Mats Cato Moldskred kom heim til Os på fredag, og var med i dagens kamp. Frode Moberg Øvredal har trent med Os dei siste dagane, og sto i mål i andre omgang.

Os sitt lag frå start: Anders Fossen Lunde - Øystein Takle Eide, Alexander Dalem Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes - Marius Mikkelsen, Endre Brenne - Christer Olsen (vk), Sander Kvittingen (hk), Rafael Villén og Mats Cato Moldskred.

• I pausen kom Øvredal innpå for Lunde i mål, og Alexander Tøssebro og Christoffer Hafsås for Olsen og Kvittingen.

• 15 minutt ut i andre omgang blei det tatt fem byte (og ein del omrokkering). Då kom desse innpå: Harry James Moore, Fabian Bødtker, Steffen Ljosheim, Vegard Strønen Skeie og Simon Moberg Søvik.

Neste treningskamp er mot Fana i hallen i Straume idrettspark førstkomande fredag.

Tidlegare i vinter har Os slått Øystese 4-0 og spelt 2-2 mot Haugesund 2. Etter treningskampen mot Fana ventar treningsleir i Tyrkia i slutten av februar og treningskamp mot Varegg i midten av mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.