Velhalden i gammal stil
Midtsiden julekalender, luke 21: Finn ut kva bygg Midtsiden har tatt bilde av og vinn premie!
Dagar med feit julemat står framfor oss. Difor hadde vi i går teke turen til ein av dei mange pizza-restaurantane i bygda.
At vi var på Peppes visste Hilde Strand.
Du kan ta med deg legitimasjon på MX Sport Os og henta premien.
Vi har reist vidare rundt i bygda, men kor har vi kome no?
Klarer du å finne ut kva bygg det er? Då kan det bli premie på deg.
Svaret sender du på epost til andris@midtsiden.no.
(Legg ved fullt namn og mobilnummer)
PREMIAR
Vi kjem til å ha 3-4 ulike premiar å by på. Premiane er sponsa av MX Sport og har ein verdi på mellom 100 og 300 kroner per dag.
Dagens premie: Skilås
Om du vil ha meir spenning kan du kjøpa skistrømpe frå Mico eller eit Vikafjell-produkt hos MX Sport.
Då får du nemleg, i rein Willy Wonka-stil, ein gullsjokolade, og i denne kan det ligga premie verdt opptil 3000 kroner!
TIPS!
Svaret på oppgåva og navn på vinnaren blir presentert i oppgåva for i morgon.
Tips: I overskrifta ligg eit hint som kan hjelpa deg på veg.
Lykke til!