Vellukka flytting

Video: Vårsleppet flytta innandørs. Det gav fullt hus og god trøkk, men på torget var det roleg.

Andris Hamre
04. mai 2013 - 17:25

Os Sentrumsforening blei uroa då dei såg vêrmeldingane for laurdag og valde å flytta moteshow, bunadsshow og dei musikalske innslaga inn i Bakketeig sitt ledige lokale i Landboden.

Det var eit smart trekk.

– Mote- og bunadsshowet blei ein sukess med nærmast fullt lokale, fortel Geir Amundsen, leiar i Os sentrumsforening.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

På scenen fekk publikum sjå vårens moter frå Madam Ane, Instinct, Moberg Sko, Baronessen og Bakketeig.

– Dyktige manekengar gjorde ein god jobb med å presentere kleda, slår Amundsen fast.

Populære bunader

Kristin Oma var hjernen bak å laga eit bunadsshow i tillegg til det tradisjonelle moteshowet.

Som konferansier leia Amundsen publikum gjennom historia til dei lokale bunadsskikkane, samstundes som publikum fekk sjå mange av dei bli presentert på catwalken.

– Det var kjekt å kunne visa den lokalhistoria bunadene representerer for publikum, seier sentrumsleiaren.

Surt, men populær

Ute på torget fann ein både snop, lokale foreningar som presenterte seg, bilar, motorsyklar og redningsskøyta Elias.

Dessverre fekk Amundsen rett i frykta for at vêret ikkje ville spele på lag.

Det blei ei kald oppleving for dei som sto som utstillarar og dei som fann vegen til torgbodene.

– Det funka

Tilbake innandørs stilte både Havfest-ensemblet og Fonos opp for å underhalde kundane i sentrum.

– Det er første gong vi syng i ein butikk, fortalde dirigent Stine Kobbeltvedt.

– Men det funka, slo Geir Amundsen fast etter å ha høyrd Fonos avslutta seansen med tre låtar.

Både Havfest og Fonos blir å sjå i Oseana seinare i vår.

Video (2:29): Sjå klipp frå dei musikalske innslaga (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Les meir om

Næringsliv Handel