Vellukka forflytning
VIDEO: Romjulsbluesen har vore ein suksess i Fjellheim. Flyttinga til Oseana gjekk smertefritt.
Bildeserie:
Det var knytt litt spenning til korleis det ville bli å ha romjulsbluesen i Oseana etter mange år med livlig lag i Fjellheim.
- Vi har allereie solgt fleire billettar enn det vi hadde kapasitet til i Fjellheim, fortalte økonomiansvarleg Hans Bjørn Bakketeig i Osøren Blues & Jazzfestival då dørane opna.
Vel 400 festglade osingar fann vegen ut på Mobergsneset for å feira at 2011 går mot slutten med Yngve & His Boggie Legs og Vetrhus Bluesband. Dei fekk ein triveleg kveld med gode vener.
- Eg har aldri sett Vetrhus så bra som i kveld, fortalte ein oppglødd festivaldirektør Gunnar Nagell Dahl då oddingane var halvegs i første settet.
God kveld på jobben
Noko av grunnen til at det satt for Vetrhus var at dei hadde tatt med seg tidlegare Vamp-medlem Geir Aksnes på orgel, noko som bidrog til eit meir heilhetleg lydbilete.
Både Vetrhus og Vossagutane i Yngve & His Boogie Legs hadde ein god kveld på jobb og leverte dansbar musikk av høg kvalitet, noko osingane etterkvart viste å sette pris på med å fylle dansegolvet. Berre litt synd at mange kom seint og dermed gjekk glipp av dei dyktige vossingane.
Sjå klipp frå eit par av låtane til dei to banda i videoen nedanfor (foto: Andris Hamre)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.