Vellukka NC
Den norske skyttareliten avslutta noregscupen på Os denne helga. Skyttarkongen Vebjørn Berg vann både på Ulven og samanlagt.


Os Skyttarlag har berre arrangert noregscup éin gong tidlegare. I helga var det igjen tid for årets største utfordring, og den løyste medlemmane på ein svært god måte.
- Heile laget er i aktivitet slike dagar som dette, og medlemmane gjorde ein kjempeinnsats. Vi heldt programmet på minuttet, og hadde heller ingen tekniske problem, seier Steinar Eidsvik.
Kvart år blir det arrangert tre noregscupstemne, kvart med skyting hos tre lag som geografisk ligg nær kvarandre. I helga var det avsluttingsstemne i Fana, Bergen og Os, med finale på Os.
403 deltakarar, 295 på 200 meter og 108 på 100 meter fullførte på Os. Skyttarkongen Vebjørn Berg, som leia etter dei to første stemna, og som heldt leiinga etter skyting i Fana og Bergen, var uslåeleg i finalen.
- Med åtte innertiarar var han utilnærmeleg. Men det ver spennande heilt til siste skot hadde gått, det var ei sitrande stemning i Skyttarhuset, der vi viste treffa på skjerm.
Eidsvik fortel om bra publikumsoppmøte under noregscupen, og håpar på å få anten opningsstemnet eller finalen til Os i 2010.
Sjå resultatlistene her